page view image

Musikk i suppa: Nils Økland

Møt Nils Økland, ein av våre fremste felespelarar, i samtale med Mona Aarø. Det blir forteljingar, musikk og suppe frå Lothes Mat & Vinhus.

Information
event image

Nils Økland er ein av våre fremste felespelarar og ein kunstnar som gjennom heile karrieren har latt nysgjerrigheita vise vegen.

Med varme, leik og djup musikalitet har han skapt eit heilt eige uttrykk som har begeistra publikum både i Noreg og internasjonalt.

Onsdag 14. oktober møter du Nils Økland i Musikk i suppå, i samtale med Mona Aarø. Her byr han på både forteljingar og musikk.

I forkant serverer me suppe frå Lothes Mat & Vinhus.

Praktisk informasjon
Onsdag 14. oktober 2026
Kl. 17.00-18.30
Haugesund Billedgalleri

Billettar
Medlem i Haugesund kunstforening: kr 200
Ordinær: kr 250

Billetten inkluderer suppe, samtale og musikk.

Arrangementet er støtta av Rogaland fylkeskommune sitt regionale fond for kultur.

Arrangør: Haugesund kunstforening
Foto: Malene Økland

musikk kultur suppe haugesund kunstforening nils økland