page view image

Kunstsuppe m/ Trond Borgen og Ola Tjørhom

Ein aften i helvete, og vegen til frelsa

Informasjon
event image

Korleis såg eigentleg helvete ut i mellomalderen? Og korleis har kunstnarar gjennom historia skildra både fortaping og frelse?

Torsdag 5. november inviterer Haugesund kunstforeining og Haugalandmuseet til ei Kunstsuppe utanom det vanlege. Me startar med suppe og brød, før me legg ut på ei reise gjennom dei mørkaste og mest himmelske motiva i kunsthistoria.

Først går turen til helvete.

I mellomalderen var helvete ein høgst konkret stad i førestillingsverda til folk. Gjennom dramatiske og til tider groteske bilete skildra kunstnarane evig pine, frykt og fortaping. Bileta blei òg brukte av kyrkja for å åtvara mot konsekvensane av synd.

Kunstkritikar Trond Borgen tek oss med inn i denne verda gjennom sterke og oppsiktsvekkjande bilete frå kunsthistoria i mellomalderen og renessansen.

Men fortvil ikkje. Det finst ein veg ut.

Etter pausen tek teologiprofessor Ola Tjørhom over og fører oss frå fortaping til frelse. Gjennom bilete frå kunsthistoria utforskar han korleis håp, nåde og frelse har blitt framstilte gjennom hundreåra.

To føredragshaldarar, to perspektiv og ein kveld der kunst, historie og teologi møtest.

Program

17.00: Suppa frå Lothes Mat og Vinhus
17.30: Trond Borgen - Ein aften i helvete
18.15: Pause
18.30: Ola Tjørhom - Frelsa i kunsten
19.15: Avslutning

Velkommen til ein aften i helvete, med ei himmelsk avslutning!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Haugesund kunstforeining og Haugalandmuseet.

kunst suppe billedgalleriet helvete frelse